Utforsk Nome

Lunde

Lunde Sogelag

Lag og foreninger

Beskrivelse

Lunde Sogelag samler, arkiverer og deler lokalhistoriske bilder, tekster og begivenheter fra Lunde. Laget arrangerer møter og arrangementer med fokus på lokalhistorien og har flere publikasjoner på merittlisten.

Hva gjør Lunde Sogelag?

📚Arkiverer og deler lokalhistoriske bilder og dokumenter
🏛️Disponerer bygdetunet – En viktig kulturarena
🛠️Arrangerer dugnader–Hver mandag kl. 17:00, oppmøte på bygdetunet

Strannabygget – Et historisk samlingssted

🏗️ Oppført av yrkesskolen i Lunde med midler fra Olav Strannas arv og Sparebankstiftelsen Nome
📖Arkiv for Strannasamlingen – Bilder, bøker og lokalhistoriske dokumenter
📍En viktig samlingsplass for lokalhistorisk arbeid

Bli medlem i Lunde Sogelag

💰Årskontingent: 200 kr per kalenderår
🏦Betal til kontonummer: 2665 68 18785 (husk navn)
📩Kontakt kasserer:

Harald Orekåsa–harald.orekaasa@gmail.com/ 📞917 19 057

Historia til Lunde sogelag

Noko av grunnen til at det blei danna eit sogelag, var sikkert at lundheringane ønskte å sikre tilhøyringa si til Lunde. Dette på bakgrunn av at det var snakk om å slå saman nabokommunane. I 1964 blei Holla og Lunde slått saman til ein stor kommune. Valebø, som var ein del av Holla, gjekk til Skien. Bakgrunnen for det var at vegen til Valebø starta i Skien.

Arbeidet med laget starta i det små, utan nokon fast plass å ta vare på dei tinga som blei samla inn. På 1960-talet var det eit ønskje å flytte Skades fotballbane frå Lundevang til Kåsa, der den ligg i dag. Noko av eigedomen til Marie og Gjermund Rønning blei lagt til fotballbanen. Eigedomen hadde Marie og Gjermund kjøpt av Lunde Sparebank for 8 750 kroner, og dei tok opp eit lån på 8 500 kroner i same banken. Eigenkapitalen var nok ikkje etter dagens krav. Men Maries far, Nils Skoe, var ein velhalden mann, så han var sikkert kausjonist.

Ein ting som gjorde at det blei sving på sakene, var då Lunde Malerforretning ønskte å byggje eit forretningsbygg på tomta der forretninga ligg i dag. På den tomta stod det ei stoge med to rom og ein liten utedo. Framfor stoga var det ein vasspost og eit stort tuntre. Stoga blei demontert og frakta til Berget i Flåbygd, der nokon ønskte å starte eit bygdetun. Dette blei det ikkje noko av.

Fyrst på 1990-talet blei det fart i planane for bygdetunet, for då gav Nome kommune Lunde sogelag rett til å bruke eigedomen Kåsa til bygdetun. Nome kommune hadde kjøpt eigedomen på 1970-talet av arvingane etter Marie og Gjermund Rønningen. Lunde sogelag fekk sett opp Bjervamoen-stoga på tunet, og fleire bygg kom til frå andre plassar i Lunde. Då kommunen overtok eigedomen, stod det tre bygningar her: eit våningshus, eit eldhus og eit uthus. Her hadde det tidlegare også stått ein stall. Dei fem bygningane som sogelaget har flytta hit, er: Bjervamoen-stoga, eit stabbur frå Nordnes, ein børsemakarverkstad der Olav Rønningen hadde sitt verkstad, Flom skule og ei gardskvern som også kjem frå Flåbygd. Gardssmia kjem frå garden Bleka, som ligg inn mot vegen til Lundtveit.

Bli med og bidra til å bevare Lunde sin historie for fremtiden!

Informasjon

Idrettsvegen, Lunde
Få veibeskrivelse

La deg inspirere

Nome er fylt med varierte og spennende aktiviteter