Utforsk Nome
Mat
May be an image of 6 people

Informasjon

Lørdag 17. august · 19:00
Heksas Kjøkken

Tickets

heksaskjokken.ticketco.events/no/nb/e/ugrass

price: null

Kjøp billett
Få veibeskrivelse

Ugras er eit band frå Bø i Telemark som med ei utvida bluegrassinstrumentering lagar og framfører låtar inspirert av m.a. tradisjonell amerikansk folkemusikk, country og americana/roots samt

norsk/irsk folkemusikk og bluegrass.

Musikken er frisk, livleg og humørfylt, men ikkje utan innslag av sørgmodigheit og melankoli. I alle høve representerer Ugras sine låtar noko ærleg og jordnært - både når det gjeld tekstar og musikk.

Konsertar med Ugras er ofte sett saman av eigne og andre sine låtar i same sjangerlandskap.

Bandet sine eigne tekstar er skrivne på nynorsk/Bø-dialekt. Bandet er kjend for å skape stor stemning når dei opptrer.

Ugras består av Torstein Askildt: vokal, gitar, mandolin og munnspel; Stian Dalen: vokal dobro, mandolin og gitar; Jon Solberg: vokal banjo og fele; Audun Rørmark: fele og vokal; Jørgen Tellnes: cajun og vokal; Knut Eirik Hult: bass og vokal.

Så kva er Ugras? Jau, som du allereie veit: Friskt og frodig, eigenrådig, tilpasningsdyktig, vilt og vakkert, noko med solide røter og som kan dukke opp når du minst ventar det!

Aldersgrense 18 år.

Døra åpner 18.30

Konsert 19.00